WordPress database error: [Unknown column 'wp_qee9g7q8l8_adrotate.os_other' in 'where clause']SELECT
`wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`id`,
`title`,
`bannercode`,
`image`,
`tracker`,
`show_everyone`,
`weight`,
`crate`,
`irate`,
`budget`,
`cities`,
`countries`,
`wp_qee9g7q8l8_adrotate_linkmeta`.`group`
FROM
`wp_qee9g7q8l8_adrotate`,
`wp_qee9g7q8l8_adrotate_linkmeta`
WHERE
( `wp_qee9g7q8l8_adrotate_linkmeta`.`group` = 2)
AND `wp_qee9g7q8l8_adrotate_linkmeta`.`user` = 0
AND `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`id` = `wp_qee9g7q8l8_adrotate_linkmeta`.`ad`
AND `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`desktop` = 'Y'
AND `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`os_other` = 'Y'
AND (`wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`type` = 'active'
OR `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`type` = '2days'
OR `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`type` = '7days')
GROUP BY `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`id`
ORDER BY `wp_qee9g7q8l8_adrotate`.`id`;
Kulturrådets forsøksordning for innkjøp av bøker til skulebibliotek har vore ei suksesshistorie.
To hundre skulebibliotek har mottatt omkring 135 boktitlar i året. Elevane møter større og meir oppdaterte boksamlingar, også i populære sjangrar som til dømes teikneseriar. Nær 90 prosent av skulene melder om stor auke i talet på utlånte bøker og elevar som låner desse bøkene.
Kombinert med god formidling blir da ikkje møtet med litteraturen avhengig av kva bokhyller dei har heime, ikkje avhengig av om foreldra tar dei med til biblioteket eller at dei går dit på eige initiativ. Møtet blir mindre avhengig av kommuneøkonomi.
Opplæringslova slår fast at skulen skal ha skulebibliotek med mindre elevane har tilgang til andre bibliotek som er opne i skuletida og tilrettelagt for slik bruk. Men lova stiller ikkje krav til kva skulebiblioteket skal vere. Forskjellane er enorme frå kommune til kommune, frå skule til skule. Frå tre hyllemeter med eldre bøker til store bibliotek med eigne bibliotekarar. Ein utgiftspost det er lett å kutte i skrale kommunebudsjett der eldrebølgja slår innover strendene. Barna treng den drahjelp dei kan få frå sentralt hald for at skulebiblioteka skal overleve.
Les også: Motreaksjonen mot digitaliseringen av skolen kommer ikke ett sekund for tidlig
Ingen enkel kamp
Derfor har Kulturrådet bedt regjeringa om 18 millionar kroner for å utvide ordninga frå 200 til 700 bibliotek i 2024, og inkludere ein større litterær breidde, mellom anna omsett litteratur.
Konkurransen mellom digitalt innhald på skjerm og boka er beinhard. Men med relativt enkle grep kan regjeringa gi fleire barn og unge eit reelt val om å velje lesing og litteratur. Bøkene må finnast der dei er. I snitt er norske barn og unge om lag 25 timar på skulen kvar veke. Skulemiljøet er ein stor del av livet deira, som er med på å forme deira identitet og vanar dei tar meg seg inn i vaksenlivet. Om vi vil at bøker og lesing i større grad skal være del av nordmenns vaksenliv, er skulen ein nøkkel for å få dette til.
Lesing og lik tilgang til litteratur handlar om demokrati og moglegheit for deltaking i samfunnet. Det handlar om å utvide perspektiv, om utviklinga til framtidas norske befolkning, det handlar om lesedugleik og kognitiv utvikling. Men det handlar også om leseglede og eit liv rikt på opplevingar. Lesing av bøker gir barn evne til refleksjon, innleving og fordjuping.
Kampen for lesinga er ingen enkel kamp, men å utvide Kulturrådets innkjøpsordning til skulebibliotek bør vere eitt av tiltaka. Det er eit godt døme på korleis ein med relativt små summar kan styrke verkemidla vi veit fungerer.
Les også: Mediebransjen bør være forsiktig med hva de ønsker seg